Kinas grøne transformasjon er i gang

Luftforurensning i Shanghai.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
KINAS CO₂-UTSLEPP REDUSERT I 2015: Kina slapp denne veka offisielle økonomi– og industridata for 2015. Dei viser ein vekst i BNP på 6,9 prosent – ned frå 7,3 prosent i 2014. Veksten er framleis imponerande samanlikna med utviklinga i OECD, men i kinesisk målestokk var fjorårets resultat det dårlegaste på 25 år.
Kinas kraftforbruk auka med beskjedne 0,5 prosent i 2015 – mot 3,8 prosent i 2014. I kraftsektoren ser ein no ein klar dreiing frå fossil til fornybar. Medan investeringane i sol, vind og vatn var rekordhøge i 2015, gjekk produksjonen av kolkraft ned 2,8 prosent. Som konsekvens blei importen av kol 30 prosent lågare i 2015 enn i 2014. Greenpeace har analysert dei kinesiske dataa og meiner det er grunnlag for å tru at Kinas samla CO₂-utslepp gjekk ned 3 prosent i 2015. Bloomberg New Energy Finance har avgrensa sin analyse til berre å gjelde CO₂-utslpp frå kolkraftproduksjon, men retninga på BNEFs utrekningar er dei same som hos Greenpeace. For klimaet er dettte ein god start på 2016.

SOL BILLEGARE ENN KOL I INDIA: Det skreiv Indias energiminister Piyush Goyal i ein melding på Twitter denne veka. Bakgrunnen var at Fortum Energy, med eit pristilbod på 4,34 rupi/kWh (litt over 50 norske øre), sikra seg ein kontrakt for bygging av eit solkraftverk med kapasitet på 70 MW. Dermed slo det finske selskapet den gamle prisrekorden på 4,63 rupi/kWh frå november i fjor. Saka blei omtalt først av Giles Parkinson i India har satt seg mål om å nå 100 GW solkraft innan 2022, opp frå rundt 5 GW i dag. Det gjer India til eit av verdas mest .
