Tyskland skal etablere ei heilt ny subsidieordning som skal fremje klimavenlege industriprosessar – såkalla Carbon Contracts for Difference (CCfDs). Det er Clean Energy Wire som melder dette. Ordninga går ut på at produsentar av til dømes stål, sement, papir og kjemikaliar, og som er interessert i offentleg støtte til klimatiltak , må melde inn kor mykje dei vil trenge i subsidiar for å fjerne eitt tonn CO₂. Dei som leverer dei lågaste boda, får tilbod om ein 15 år lang differansekontrakt med staten. Nivået på støtta vil vere differansen mellom innmeldt subsidiebehov og faktisk karbonpris i marknaden. Skulle karbonprisen derimot stige over innmeldt subsidiebehov, er det industriaktøren som må betale differansen til staten. Ordninga rettar seg ikkje berre mot dei største industriaktørane, men også små- og mellomstore verksemder som slepp ut meir enn 10 000 tonn CO₂ per år.
I tillegg til å få fart på avkarboniseringa av tysk industri, er subsidieordninga på 50 milliardar euro også meint å vere ein respons frå tyske myndigheiter på Bidens store grøne subsidiepakke, Inflation Reduction Act (IRA).
Eit fenomen som ER direkte lenka til menneskeskapt global oppheting, er issmelting i Arktis. Sidan ein starta med satellittmålingar i 1979 har sommarisen i Arktis blitt redusert med 13 prosent.
I ein ny studie publisert i Nature (abo), konkluderer forskarar at sommarisen i Arktis (målt i september) vil forsvinne uansett. Dersom dagens utsleppsutvikling held fram, kan det skje alt på 2030-talet, skriv The Guardian.
Forskaranes definisjon på eit «isfritt» Arktis er at isdekket dekker mindre enn ein million kvadratkilometer, omlag 7 prosent av havområdet. Det lågaste nivået som nokon gong er registrert, blei målt i september 2012. Då dekka den arktiske sommarisen 3,4 millionar kvadratkilometer. Dei to andre rekordane er frå høvesvis 2020 og 2019.
Når sjøisen smeltar i Arktis, vert meir av varmen frå sola absorbert i havet, som igjen forsterkar oppvarminga og issmeltinga.
I Bonn har det vore førebuingssamtalar om haustens klimatoppmøte (COP28). Der presenterte Climate Action Tracker (CAT) ein rapport om behovet for å setje utfasing av olje og gass på agendaen. CAT viser til at verda har funne nok olje og gass om ein skal nå 1,5-gradarsmålet, men at ingen av dei store oljeselskapa viser teikn til å ville snu investeringsprofilen vekk frå det fossile. Snarare tvert imot. Rapporten meiner velståande oljeprodusentar har eit ekstra ansvar og kjem med ei særskilt oppmoding til Noreg.
COP28 går av stabelen 30. november til 12. desember i Dei sameinte arabiske emirata. Majid Al Suwaidi, som er sjefsvert for møtet, framstår lunken til CATs agendaforslag.
Vi avsluttar med ein skikkeleg gladsak: I mai produserte EU meir straum frå vindturbinar og solcellepanel enn frå alle fossile kjelder til saman i ein heil månad. Det viser fersk statistikk frå tankesmiaEMBER. Totalt produserte sol og vind 31 prosent av straumproduksjonen i mai, medan fossil energi nådde 27 prosent. Ekstra gledeleg er det at kolkraftproduksjonen nådde eit historisk lågt nivå med 10 prosent. Solenergiens marknadsdel var til samanlikning på 14 prosent. Ser ein på perioden januar-mai, så har produksjonen av kolkraft falle med 20 prosent samanlikna med same periode i 2022. For gasskraft er reduksjonen på 15 prosent.
Les også: Ørsted og Vesta inngår samarbeid om å produsere vindturbinar med lågkarbon-stål og resirkulert materiale.