Løfta gitt i Glasgow bringar oss nærare Paris

Analyser av klimamåla meldt inn til Glasgow-toppmøtet viser at vi kan klare å halde den globale opphetinga under 2 gradar. Les også: 20 land lovar stans i finansiering av olje- og gassprosjekt i utlandet.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. I dag er blikket retta mot det pågåande klimatoppmøtet i Glasgow. Les også Olav A. Øvrebøs oppsummering av dei to første dagane av COP26 i denne artikkelen.

Her er mine utvalde saker:

Oppjusterte klimamål kan halde opphetinga under 2 grader

Om landa som no deltek i klimaforhandlingane i Glasgow faktisk innfrir sine forsterka klimamål, er det meir enn 50 prosent sannsynleg at den globale opphetinga ikkje vil overstige 1,9 gradar innan 2100.

Det konkluderer Climate Resource i ein analyse av dei oppdaterte nasjonale klimalovnadene som har blitt meldt inn før og under COP26. På «stammespråket» går desse lovnadene under forkortinga NDCs (Nationally Determined Contributions). Før COP26 vurderte UNEP effekten av dei då innmeldte NDC´ane til minst 2,7 gradars oppheting.

Forutan å bygge analysen sin på oppdaterte data, har forskarane i Climate Resource også baka inn alle langsiktige utsleppsmål. Kinas mål om netto null i 2060 og Indias mål om netto null i 2070 blir vurdert som dei viktigaste.

HISTORISK: For første gang i historia viser analyser av innmeldte klimalovnader frå til saman 194 land at verda har meir enn 50 prosent sjanse til å klare å halde den globale opphetinga under 2°C. Grafikk: Climate Resource

Det internasjonale energibyrået (IEA) deler Climate Resource sin analyse. Torsdag sa IEA-sjef Fatih Birol at dei forsterka klimamåla som har blitt presentert i Glasgow – inkludert løftet om å kutte kraftig i metanutsleppa fram mot 2030 – vil kunne avgrense opphetinga til 1,8 gradar. Det er framleis langt ned til 1,5 gradar, men det går i riktig retning.

Ein premiss i analysane både til Climate Resource og IEA er at måla som er meldt inn, faktisk blir nådd.

Ny allianse seier nei til å finansiere olje og gass internasjonalt

Klimatoppmøtet i Glasgow viser at også presset mot olje og gass hardnar til. Ei gruppe på 20 land – deriblant USA, Storbritannia, Canada og Danmark – blei torsdag einige om ein tekst der dei er samde om å slutte å finansiere fossile energiprosjekt i utlandet (ikkje berre kol). Italia slutta seg til initiativet i siste minutt, skriv Bloomberg.

I fråsegna heiter det:

«We will end new direct public support for the international unabated fossil fuel energy sector by the end of 2022, except in limited and clearly defined circumstances that are consistent with a 1.5°C warming limit and the goals of the Paris Agreement».

Formuleringa om at ein ikkje vil finansiere «unabated fossil fuel» betyr t.d. at ein ikkje vil finansiere kol- eller gasskraft med mindre det involverer teknologi for karbonfangst og -lagring, skriv Reuters. Kva slags prosjekt ein reknar som konsistent med 1,5-gradarsmålet, er uklart.

Ifølgje Washington Post kan initiativet potensielt bidra til å frigjere 18 milliardar dollar per år til grøne investeringar.  

Kva med Noreg? Noreg har ikkje signert initiativet. På spørsmål om dette på Twitter skriv klimaminister Espen Barth Eide at det ikkje er fordi Noreg er usamd med innhaldet, men at han ikkje var merksam på initiativet.

Over 100 statar er einige om å kutte metan-utslepp

I september annonserte USA og EU the Global Methane Pledge – eit initiativ for å kutte globale metan-utslepp med 30 prosent innan 2030 (samanlikna med 2020). Initiativet blei lansert i Glasgow på tysdag og over 100 statar har no slutte seg til. Deriblant verdas største eksportør av storfekjøtt, Brasil. Kina, Russland og India har ikkje signert.

I sin tale om initiativet sa president Joe Biden at det er viktig med tiltak som reduserer klimagassutslepp her og no, ikkje berre fram mot 2050. Hans eigen administrasjon tek no fleire grep som skal kutte metan-utsleppa på heimebane. I tillegg til jordbrukssektoren er produksjon, transport og bruk av gass ein viktig kjelde til metanutslepp.

Fordi metan-initiativet handlar om kva vi skal få til fram mot 2030, og USA allereie varslar politikk på området, blir det rekna som eit av dei viktigaste resultata av Glasgow-toppmøtet til no.

Bloomberg har ein interessant artikkel om John Kerrys innsats for å få metan-initiativet gjennom

Kvifor er metan viktig? Det er langt meir CO₂ i atmosfæren enn metan, men sistnemnte er ein langt kraftigare klimagass. Over ein 20-årsperiode har metan ein oppvarmingseffekt som er 80 gangar kraftigare enn CO₂. Det gjer kutt i metanutslepp til eit av dei viktigaste tiltaka på kort sikt for å halde 1,5-gradarsmålet i live.

USA skal avkarbonisere kraftsektoren innan 2035, men seier nei til å støtte kol-exit

Meir enn 20 nye land har i Glasgow for aller første gang forplikta seg til å fase ut kolkraft, deriblant Polen. Til saman har over 40 statar signert den britisk-initierte avtalen der dei største økonomiane forpliktar seg til å fase ut kolkraft på 2030-talet («or as soon as possible thereafter»), mens dei minste på 2040-talet («or as soon as possible thereafter»). Tankesmia E3G er av The Guardian sitert på avtalen er «eit stort steg framover, og at dette ville vore utenkeleg for eitt til to år sidan».

Både i innhald og oppslutnad blei avtalen langt mindre ambisiøs enn det Storbritannia hadde mål om. Ein viktig kritikk er at avtalen ikkje er signert av store kolland som Kina, India, Australia og USA. Av desse fire var det kanskje mest overraskande at USA avstod. Biden-administrasjonen har trass alt som mål at USAs straumproduksjon skal bli karbonfri innan 2035. Financial Times spekulerer i om grunnen kan vere at Biden ikkje vil risikere å provosere senatorar frå kol-avhengige statar. Skal han få gjennom den store infrastrukturpakken i Kongressen, er han framfor alt avhengig av å få med partifellen Joe Manchin frå kolrike Vest-Virginia. At demokratane tapte tysdagens guvernørval i Virginia – ein stat Biden vann klart for eit år sidan – hjelpte nok ikkje på administrasjonens sjølvtillit.

Kvifor er det viktig å få slutt på kol? Kol stod i 2020 for 40 prosent av globale CO₂-utslepp, viser Global Carbon Budget som blei offentleggjort torsdag.

Kraftig fall i avlingar, åtvarar NASA

Vi avsluttar med ein sak som ikkje kjem frå klimatoppmøtet i Glasgow, men frå tidsskriftet Nature Food som viser at klimaendringar kan gi kraftig fall i framtidige avlingar av mais – og kanskje også soya og ris. For mais kan det i eit høgutsleppsscenario fram mot 2030 vere snakk om eit fall på heile 24 prosent. Hovudforfattar Jonas Jägermeyr frå NASA’s Goddard Institute kallar resultatet «a fundamental shift» samanlikna med tilsvarande modelleringar gjort tidlegare . Hovudforklaringa på at avlingane blir mindre er høgare temperaturar og endringar i nedbørsmønster. For kveite er situasjonen derimot det motsette: her kan avlingane potensielt auke med rundt 17 prosent fordi kveite trivs godt i varmare klima, skriv NASA.

Kvifor er dette viktig? Når avlingane av nokon av verdas viktigaste råvarer blir mindre, kan det i verste fall få svært negative konsekvensar for verdas matvaretryggleik.

RETTING: I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at framtidige avlingar av kveite også ville bli redusert.