Meir kjernekraft blir viktig for Sveriges nye regjering

NY REGJERING: Sveriges nye regjering består av Moderaterna, Liberalerna og Kristdemokraterna. Sverigedemokraterna er regjeringas støtteparti. Her er dei fire partileiarane samla på pressekonferansen der dei presenterte sin felles plattform. Frå venstre: partileiar Jimmie Åkesson (Sverigedemokratarne), partileiar og statsminister Ulf Kristersson (Moderaterna), partileiar Ebba Busch (Kristdemokraterna) og partileiar Johan Pehrson (LIberalerna). Foto: TT News Agency/Reuters/NTB
Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde saker:
Skal instruere Vattenfall til å bygge kjernekraft
Ein av politikarane som har fått mest merksemd i Sveriges nye regjering, er – forutan Moderaternas leiar og statsminister Ulf Kristersson – den nye klima- og miljøministeren Romina Pourmokhtari frå Liberalerna. I tillegg til at Pourmokhtari med sine 26 år er den yngste svenske ministeren nokon sinne, og at ho har vore ein tydeleg kritikar av Sverigedemokraterna, har ho måtte svare for kvifor Miljødepartementet og Næringsdepartementet er slått saman til eit Klima- og næringslivsdepartement. I det nye departementet skal Romina Pourmokhtari ha ansvar for miljø og klima, mens Ebba Busch, Kristdemokraternas partileiar, får ansvaret for energi og næringsliv. Endringa i departementsstruktur har møtt sterk kritikk.
Kva med politikken?Regjeringserklæringa er inngått mellom dei tre regjeringspartia og Sverigedemokraterna. Her er noko av det eg har notert på klima- og energifeltet:
Noko anna ein bør vite?Akkurat no er den størte klimasaka i Sverige at regjeringa ønsker å senke den såkalla reduksjonsplikten – som er eit teknologinøytralt krav til dei som sel drivstoff om å kutte utslepp (har same effekt som det norske innblandingskravet for biodrivstoff). Motivet til den svenske regjeringa er å senke bensin- og dieselprisane, samtidig som dei seier klimasvaret i transportsektoren er elektrifisering. Men ifølgje kan prisen for redusert reduksjonsplikt bli ein auke i svenske CO₂-utslepp på fem millionar tonn per år.