I samband med den internasjonale transportmessa i Hannover denne veka (IAA Transportation), la konsulentselskapet McKinsey fram ein rapport som hevdar at den vegbaserte tungtransporten no står på startstreken til ein grøn revolusjon. Innan 2024 vil transportselskapa kunne velje blant 70 modellar av utsleppsfrie lastebilar. Ein kraftig vekst samanlikna med dagens vareutval, men framleis eit stykke opp til dei 130 modellane med diesel-tank som er tilgjengeleg. McKinsey trur at når vi har kome til 2040 vil 85 prosent av alle nyregistrerte lastebilar i Europa, USA og Kina vere utsleppsfrie.
Kva teknologi vil vinne fram? McKinsey spår at batteri og hydrogen kjem til å leve side om side som dei dominerande teknologiane. Det same trur lastebilprodusentar som Volvo, Daimler og Nikola, rapporterer Bloomberg frå Hannover. Nikola, som kanskje er i ferd med å reise seg igjen som utfordrarselskap etter dei alvorlege svindelskuldingane for ein del år tilbake, brukte tranportmessa til å avduke Nikola Tre FCEV. Dette er selskapets hydrogenlastebil meint for den europeiske marknaden. Serieproduksjon skal visstnok starte i 2024.
Les også:Organisasjonen Transport & Environment er mindre optimistisk når det kjem til utrulling av utsleppsfrie tunge køyretøy. I Europa er farten altfor låg til å nå klimamåla, skriv dei i ein ny studie. Dei oppmodar EU om å innføre forbod mot sal av fossildrivne bussar og lastebilar frå og med 2035.
Nivået på vinterens straumprisar vil langt på veg bli avgjort av kor vidt Europa lukkast med å redusere straumforbruket sitt, skriv svenske Energiforsk i analysen Lowering prices in a hurry. Analysen tek utgangspunkt i dei svenske prisområda SE3 og SE4 (sør i Sverige), og konkluderer:
Og dersom ein ikkje klarar å ta ned straumforbruket?Ved business as usual ventar Energiforsk at straumprisane til vinteren i SE3 og SE4 vil doble seg samanlikna med det som var gjennomsnittsprisen for perioden januar-august 2022.
Sjekk også: Å spå om framtidige straumprisar er svært usikkert. Men at energisparing har effekt, herskar det ingen tvil om, seier Markus Wråke frå Energiforsk i intervju med SVT Nyheter.
Det har vore høgnivåveke under FNs generalforsamling. I motsetning til dei fleste statsleiarane som har vore på talarstolen i New York, brukte generalsekretær António Guterres store delar av sin tale til å adressere klimaendringane. Bodskapen var ikkje til å ta feil av: «Polluters must pay»! Verdas rike land må skattlegge fossilindustriens ekstraordinære superprofitt («windfall tax»), oppmoda han. Inntektene frå ekstraskatten må brukast på å hjelpe land som i dag betalar for konsekvensane av klimaendringane, og til innbyggjarar som no slit med å betale for dyrare mat og energi.
Som The Guardian heilt riktig påpeikar, var orda til generalsekretæren eit ekko av forslaget som Europakommisjonen presenterte for kort tid sidan.
Er Verdsbankens sjef David Malpass ueigna for jobben? Stadig fleire har stilt seg nettopp det spørsmålet etter ein debatt i regi av New York Times tysdag denne veka. Heile tre gongar skal Malpass ha fått spørsmål om han aksepterer at klimaendringane er menneskeskapt, utan at han greidde å gi eit klart svar. Til slutt skal han ha svart noko slikt som at han ikkje var vitskapsmann, og at han ikkje visste.
Kritikken mot Malpass har kome frå alt frå offentlege tenestepersonar til miljøaktivistar, skriv Financial Times. Al Gore var blant dei som rykka ut og kalla Malpass for klimafornektar, noko hovudpersonen sjølv har presisert overfor CNN at han ikkje er.
Kritikken mot Malpass, som i 2019 vart nominert til jobben av Donald Trump, er på ingen måte ny. Under Malpass si leiing har Verdsbanken mellom anna blitt kritisert for å halde fram finansieringa av fossile energiprosjekt. Malpass sitt åremål går ut i 2024.