Raudblå regjering gjer klima til hovudsak

Danmarks statsminister Mette Frederiksen presenterer Danmarks nye koalisjonsregjering på Amalienborg Slott i København. Foto: Mads Claus Rasmussen/AP/NTB
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.
«Over midten»-regjering med sterkt klimamandat
Danmark har denne veka fått ei raudblå regjering utgått av Socialdemokratiet (S), Venstre (V) og Moderaterne (M). I regjeringsplattforma vert målet om klimanøytralitet framskunda fem år til 2045. På kort sikt skal utsleppa kuttast i tråd med allereie vedtekne klimamål: 50-54 prosent innan 2025 og 70 prosent innan 2030 (målt mot 1990). Til Politiken-eigde Klimamonitor er det fleire som kritiserer regjeringa for ikkje å oppjustere dei kortsiktige klimamåla. Jørgen Steen Nielsen i Information (+) skriv at intervallet i 2025-målet betyr at regjeringa kan sleppe unna med å kutte kun 0,4 millionar tonn CO₂ på to år.
Kva med politikken? DR har laga ei oversikt over dei fem viktigaste klimasakene. Blant anna lover SVM-regjeringa å bruke fleirtalet til å innføre klimaavgift for landbruket og på flyreiser.
Eit av dei mest interessante grepa i energipolitikken er etablering av ein nasjonal energikrisestab (NEKST). Krisestaben skal akselerere utrullinga av fjernvarme og sikre raskare utbygging av fornybar energi og straumnett.
Og folka?Lars Aagaard (M) får ansvar for klima- og energifeltet. Han kjem frå jobben som administrerande direktør i bransjeorganisasjonen (tilsvarande Energi Norge). Tidlegare Klima-, energi- og forsyningsminister Dan Jørgensen (S) får som ny utviklingsminister også ansvar for Danmarks globale klimainnsats. Full oversikt over regjeringsmedlemmene finn du .