Slik var EUs kraftproduksjon i 2022

Damp frå tyske kolkraftverk stig til vêrs i nærleiken av vindturbinar i Niederaussem. Foto: Michael Probst/AP/NTB
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.
Ventar kraftig fall for kol- og gasskraft
Tankesmia Ember har denne veka publisert sin årlege analyse av kraftmarknaden i EU – European Electricity Review 2023. Anbefalinga frå underteikna er sjølvsagt å bla seg gjennom heile den oversiktlege hovudrapporten, men her er ei oppsummering:
- Kolkraftproduksjonen auka med 7 prosent (+28 TWh) i 2022, medan produksjonen av gasskraft gjekk opp 0,8 prosent (+4,5 TWh).
- I lys av det store bortfallet av kjernekraftproduksjon (-119 TWh) og vasskraftproduksjon (-66 TWh) samanlikna med 2021, kunne ein ha venta ein kraftigare vekst for fossil energi. 67 prosent av reduksjonen i EUs kjernekraftproduksjon stod Frankrike for, Tyskland 27 prosent.
- Elektrisitetsforbruket i EU gjekk i 2022 ned med 2,7 prosent samanlikna med året før.
- 2022 er det første året der solenergi og vindkraft har stått for over ein femdel (22 prosent) av EUs elektrisitetsproduksjon. Landet som har klart mest solkraft i miksen, er Nederland (14 prosent).
- CO₂-utsleppa frå EUs kraftsektor gjekk i 2022 opp 3,9 prosent målt mot 2021.
Med tanke på kva som vil skje framover, er det interessant å merke seg det skifte som Ember observerte i fjerde kvartal: I alle dei fire siste månadene av 2022 var kolkraftproduksjonen mindre enn for tilsvarande månad i 2021. Elektrisitetsforbruket gjekk i same kvartal ned 7,9 prosent – ein reduksjon som nærmar seg det fallet ein opplevde under nedstenginga i andre kvartal 2020 (-10,2 prosent). Det store spørsmålet er kor mykje av dette som skuldast strukturelle endringar (t.d. effekten av varmepumper og andre investeringar) og kor mykje som har forbigåande forklaringar (som mildver og lågare aktivitet i industrien). Embers forventning er at den fossile straumproduksjonen i EU kjem til å falle kraftig i 2023. Kanskje med så mykje som 20 prosent.

