Solceller på nye hustak blir den nye normalen i Tyskland

Tyskland med ny politikk som skal få fart på satsinga på sol, vind og hydrogen. Les også: To klimasøksmål mot Boris Johnson på ei veke.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Ny vår for Energiewende

Tysklands klima- og økonomiminister Robert Habeck (Dei Grøne) lanserte denne veka ein klimakrisepakke. Bakgrunnen er at Tyskland ikkje er i rute til å nå eigne klimamål. «Klimapolitikken er utilstrekkeleg i alle sektorar», var bodskapen til Habeck.

For å nå målet om 80 prosent fornybar energi i kraftmiksen innan 2030, samstundes som det samla årlege tyske straumforbruket er venta å auke til rundt 700 TWh, vil regjeringa bygge ut langt meir sol og vind enn det som tidlegare er planlagt.

  • Målet for solenergi er 200 GW i installert kapasitet innan 2030 – ein dobling av den førre regjeringas mål. Det skal stillast krav om solceller på taket av alle nye næringsbygg. For nye bustader blir solceller på taket ein hovudregel, men ikkje eit absolutt krav.
  • Også mykje meir vindkraftproduksjon på land og til havs må til, ifølgje Habeck. Nok av det han vil gjere på kort sikt er å endre reglane som regulerer avstanden mellom vindkraftturbinar og militære område og radio- og navigasjonsmaster. Dette kan åleine gi 9 GW med ny vindkraft på areal som allereie er godkjent for utbygging. Habeck vil også endre reglar om ekstra lang avstand til bustadhus, slik mellom andre Bayern har i dag, skriv Clean Energy Wire. Habeck vil setje av 2 prosent av Tysklands landareal til vindkraftanlegg – opp frå 0,5 prosent i dag.  For å samle folkeleg støtte til den nye politikken vil han bruke det neste halve året til å turnere tyske delstatar. I tillegg skal regjeringa frå 2023 fjerne fornybaravgifta (EEG) frå tyskaranes straumrekning.

Også ambisjonane for hydrogenprodusjon blei kraftig oppjustert på tysdagens pressekonferanse. Myndigheitene vil etablere «Carbon contracts for Difference» for å realisere hydrogenpolitikken.

Habeck legg ikkje skjul på at hindrane er mange og høge, men han legg og vekt på moglegheitene:

«Dette er ei stor politisk oppgåve, men ho byr også på enorme moglegheiter for landet og for vår politiske kultur. Vi vil bli eit innovasjonsland igjen, og vi må gjere byråkrati og planleggingsprodukt slankare. Vi vil lære korleis vi forbetrar oss, og kan ein tenke seg ei berre oppgåve enn å ha det politiske ansvaret for dette».

Kva skjer vidare? Den tyske regjeringa arbeider med to politikkpakkar som begge skal leggast fram for det tyske underhuset, Bundestag, i første halvdel av 2022. Målet er få dei vedteke i laupet av hausten slik at dei den nye politikken kan verke frå og med 2023.

Klimasøksmål mot Boris Johnson

For tre månader sidan kunne ein stolt Boris Johnson – som oppspel til klimatoppmøtet i Glasgow – presentere Storbritannias nye netto null-strategi. Denne veka varsla både ClientEarth og Friends of the Earth at dei går til to separate klimasøksmål mot den britiske regjeringa. Dei meiner begge at netto null-strategien ikkje inneheld nok konkrete tiltak som vil bidra til at Storbritannia kuttar utslepp i tråd med forpliktingane i den britiske klimalova. Advokat Sam Hunter er i The Guardian sitert på at Johnsons «pie-in-the-sky»-tilnærming skyver risikoen over på dei unge og framtidige generasjonar. Mens Bloomberg siterer advokat Katie de Kauwe i Friends of the Earth på at regjeringa har laga ein «imaginary pathway» for utsleppskutt. Begge organisasjonar har tidlegare vunne søksmål mot britiske myndigheiter.

Kva skjer vidare? Neste steg er at regjeringa må skrive eit forsvar for saka si. På bakgrunn av dette vil domstolen avgjere om det blir full domstolsbehandling eller ikkje.  

Kolkraft får skulda for utsleppsvekst i USA, men …

I perioden 2005-2019 gjekk amerikanske klimagassutslepp i gjennomsnitt ned med nesten 1 prosent per år. Så kom korona – pandemien mange håpa ville gi ein varig knekk på utsleppskurva. Slik gjekk det ikkje, ei heller i USA. Både EIA, Carbon Monitor og Rhodium Group meiner USAs utslepp av klimagassar no er tilbake til nivået før pandemien. I Rhodium Groups analyse var utsleppsveksten frå 2020-2021 på 6,2 prosent, skriv Inside Climate News. Ei viktig forklaring er at amerikanske kolkraftverk produserte 17 prosent meir straum i 2021 enn året før. Høge gassprisar får skulda.

Betyr dette at amerikansk kol har blitt «great again»? Absolutt ikkje! Under overskrifta The Coal boom that wasn´t skriv Institute for Energy Economics and Financial Analysis (IEEFA) at ein må hugse at kolkraftproduksjonen i 2021 steig frå eit historisk lågt nivå i 2020: «On an annual basis, coal’s market share was about 22.6% in 2021, down from 23.3% in 2019, although up from just 19.9% in 2020». Dessutan: Allereie i november og desember 2021 var kolets marknadsdel under nivået i 2020. Den langsiktige trenden er ikkje til å ta feil av, hevdar IEEFA: Amerikanske kraftselskap er på full fart veg vekk frå kolkraft. EIA forventar at ein samla kolkraftkapasitet på 12,6 GW vil bli «pensjonert» i 2022.

Varme slo ut straumen i Buenos Aires

Argentina opplever i desse dagar ein historisk varmeperiode med temperaturar godt over 40 gradar. Dette har mellom anna har fått kraftnettet til å «sveitte», og tysdag mista rundt 700 000 innbyggarar i Buenos Aires straumen sin.

Langt varmare er det i Australia. Torsdag målte byen Onslow på vestkysten heile 50,7 gradar. Dermed blei Australias gamle varmerekord frå 1962 tangert. Gjennomsnittstemperaturen i Onslow på denne tida av året ligg på 36,5 gradar, skriv BBC. Også byane Mardie and Roebourne har i det siste sett gradestokken passere 50 gradar.

Ifølgje EUs klimaendringsteneste Copernicus er dei sju siste åra dei sju varmaste som er målt på verdsbasis.

Tining av permafrost kan koste dyrt

Vi flytter oss nordover. Arktisk permafrost er eit enormt karbonlager, men kva skjer når oppvarminga akselererer og permafrosten tiner? Washington Post publiserte onsdag ein artikkel der dei skriv at tining av permafrost ikkje berre fører til store landskapsendringar og potensielt store klimagassutslepp, det representerer også ein fysisk risiko mot samfunna som lever i desse områda. «Omlag 70 prosent av infrastrukturen i permafrostregionane på den nordlege halvkule – inkludert minst 120 000 bygg og over 40 000 kilometer med veg – er lokalisert i område med stort potensiale for tining av det frosne underlaget innan 2050,» skriv avisa. Særleg alvorleg er det for Russland som har langt fleire byar bygd på permafrost enn andre land.

Det er ein serie nye forskingsartiklar i tidsskriftet Nature Reviews Earth & Environment som er utgangspunktet for saka til The Post og også BBC. Dessverre er artiklane bak mur, men samandraga er gratis å lese.

Vil du lese meir om permafrost?  Moskva-korrespondent Joshua Yaffa i The New Yorker publiserte denne veka eit reisebrev frå Sibir med smelting av permafrost som tema. Len deg tilbake og skroll deg gjennom The Great Siberian Thaw.