Solenergikrise i USA

SOL-STOPP: Donald Trumps proteksjonistiske «America First»-strategi har vore ei ulukke for amerikansk solindustri. Hundrevis av solenergiprosjekt over heile USA er no kansellert eller satt på vent. Foto: Reuters/ Mike Blake
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Eg har med vilje utelate EU-kommisjonens lansering av politikkpakka «Repower EU", som Energi og Klima har omtalt grundig både i denne artikkelen og i siste utgåve av nyheitsbrevet Europas grøne skifte. I nyheitsbrevet kan du også lese hovudpunkta frå det historiske havvindtoppmøtet i Danmark.
Full stopp for solenergi i USA
Ei pågåande straffetolletterforsking har skapt frykt i marknaden for at USA vil innføre straffetoll på importerte solceller frå fire nye land – i verste fall med tilbakeverkande kraft. Dette har satt ein effektiv stoppar for ny solkraftutbygging i USA. I eit brev sendt 17. mai krev 85 kongressmedlemmer at president Joe Biden finn ei snarleg løysing på krisa. Ifølgje kongressmedlemmene kan solenergiprosjekt med samla kapasitet på 50 GW alt ha blitt kansellert eller utsett.
Bakgrunn: Trumps toll på kinesiske solceller skulle eigentleg blitt fasa ut i 2022, men blei i januar i år vidareført av Biden for fire nye år. I april blei det kjent at Biden-administrasjonen vil gå i gang med ei etterforsking for å finne ut om kinesiske bedrifter aktivt unndreg seg straffetoll ved å eksportere solceller til USA via Kambodsja, Malaysia, Vietnam og Thailand. Skulle etterforskinga konkludere med at det er det som skjer, og at solceller også frå desse fire landa må tolleggast, er det ikkje usannsynleg at avgjersla får konsekvensar også for det som har blitt importert til no. Dette er grunnen til at mange prosjekt no blir lagt på is.
Kva står på spel? Biden-administrasjonen har mål om 50 prosents utsleppskutt i 2030 og eit 100 prosent fornybart kraftsystem innan 2035. Storstilt utbygging av solenergi er ein føresetnad for å nå desse måla, men toll på importerte solceller øydelegg for dette. Energy har sagt at den pågåande tollkonflikten kan føre til at 2/3 av det som opprinneleg var planlagt installert av ny solenergikapasitet i 2022, ikkje blir noko av.