Store pensjonsfond vil kaste Helge Lund som styreleiar i BP

SVEKKA TILLIT: Fleire britiske pensjonsfond varslar at dei på årets generalforsamling i oljegiganten BP vil røyste nei til attval av Helge Lund som styreleiar. Sviktande klimaleiarskap vert oppgitt som forklaring. Foto: Dylan Martinez/Reuters/NTB
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.
Opprør mot Lund før BPs generalforsamling
Det bryggar opp til aksjonæropprør før BPs generalforsamling 27. april, skriv både Financial Times og The Times. Tidlegare Statoil-sjef Helge Lund har vore BPs styreleiar sidan 2019 og står i år på val. No seier fleire britiske pensjonsfond – deriblant Nest (som forvaltar pensjonen til rundt kvar tredje britiske arbeidstakar) – at dei ikkje vil gi Lund fornya tillit.
Bakgrunnen er at BP-leiinga i februar bestemte seg for å justere ned selskapets klimamål. Mens BP før hadde mål om å redusere klimagassutsleppa frå olje- og gassaktiviteten med 35-40 prosent innan 2030, heiter det no at målet er 20-30 prosent. Selskapet forklarer endringa med at dei ikkje ønsker å ta ned produksjonen av olje og gass like raskt som dei gamle klimamåla la opp til.
Nest og dei andre pensjonsfonda meiner dessutan at endring i eit selskaps klimamål er så strategisk viktig at det burde blitt drøfta med aksjonærane før det blei vedteke.
Vil du lese meir? Alle sakspapir til BPs generalforsamling finn du på denne sida. I tillegg til val av styrerepresentantar skal generalforsamlinga også ta stilling til eit aksjonærframlegg om å skjerpe selskapets klimamål. Pluss mange andre saker.
Gassforbruket i Europa kraftig ned
I fjor sommar sette EU mål om at gassforbruket i perioden 1. august 2022–31. mars 2023 skulle reduserast med 15 prosent samanlikna med gjennomsnittsforbruket i same periode i åra 2017–2022. Målet skulle vere frivillig å følgje. Denne veka offentleggjorde EUs statistikkbyrå data som viser at målet blei nådd. Samla gjekk forbruket av gass i Europa ned med 17,7 prosent. Også majoriteten av medlemsland nådde 15-prosentsmålet – med størst nedgang i gassforbruket i Finland (-55,7 prosent), Litauen (-40,5 prosent) og Sverige (-37,2 prosent). Ekspertar som har intervjua, seier den viktigaste årsaka til fallet i gassetterspurnaden er overgangen til andre energikjelder, men at ein mild vinter også har spela inn.
