Stort fleirtal for å sende dansk flesk på klimakur

STORE UTSLEPP: Landbruk og arealbruk står for cirka ein tredel av alle danske klimagassutslepp. Her frå ein svinefarm på Jylland. Foto: News Øresund/Johan Wessman (WIkiCommons)
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Forpliktande klimamål for dansk landbruk
Landbruk er for Danmark det olje er for Noreg: Ein klimaversting som også er svært viktig for økonomien. Derfor er det ein stor nyheit at nesten alle partia i Folketinget denne veka samla seg om ein «historisk» avtale som skal sikre grøn omstilling av dansk landbruk. Avtalen gir sektoren eit bindande reduksjonsmål på 55-65 prosent innan 2030 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.
Under overskrifta «Landbruget skal udvikles og ikke afvikles», legg avtalen opp til å kutte sektorens utslepp med 7,4 millionar tonn CO₂-ekvivalentar (CO₂e) innan 2030. For å oppnå dette skal ein etter planen følgje to spor:
Tankesmia Concito gir politikarane ros for å sette konkrete og ambisiøse utsleppsmål, men er kritisk til at avtalen ikkje inneheld nok konkrete verkemidlar. Dei stiller også spørsmål ved om økologisk landbruk vil gi så store utsleppskutt som det avtalen påstår. Dei meiner også at finansieringsplanen er utilstrekkeleg. Det siste poenget får også støtte frå ekspertar.
Vil du lese meir?Altinget har publisert eit godt samandrag av avtalens innhald, mens heile avtalen på 15 sider finn du her.
Global oppvarming tek knekken på korallreva
Eit nettverk av meir enn 300 forskarar frå heile verda har gjennomført den største kartlegginga av tilstanden til verdas korallrev. Konklusjonen er nedslåande: I perioden 2009-2018 vart 14 prosent av verdas korallrev utsletta, og klimaendringane er den viktigaste årsaka. Overfisking og svekka vasskvalitet er andre medverkande faktorar.