«For generøse skattevilkår vil vere sløsing»

Førsteamanuensis Linda Nøstbakken ved Handelshøyskolen i Bergen meiner at kva nivå friinntekta skal liggje på også er eit viktig poeng dersom me i Noreg opnar opp for å sjå på oljepolitikken i samanheng med klimapolitikken.

- For generøse skattevilkår for petroleumsnæringa har større klimagassutslepp som tilleggskostnad.
- Mangel på investeringar på grunn av ei for låg friinntekt kan korrigerast seinare.
- For låg friintekt har tilleggsbonus i form av lågare klimagassutslepp.
Linda Nøstbakken er utdanna økonom og forskar på ulike emne innan naturressursøkonomi, miljøøkonomi og energiøkonomi. Dette intervjuet om friinntekta i oljeskatteregimet er gjort i november 2015.
Tema for intervjuet er nivået for friinntekta i petroleumsskatten - inntektsfrådraget i grunnlaget for utrekning av særskatten. Friinntekta vart i 2013 senka frå 7,5 prosent til 5,5 prosent. Fleire økonomar drøfta både den gong og no kva nivå som er det optimale både for å oppretthalde lysten til å investere på norsk sokkel og sikre staten sin rettmessige del av verdiskapinga.
Nøstbakken peiker på at nøytralitet i skattemessig samanheng har å gjere med om - og eventuelt korleis - skatten endrar åtferda til dei som vert skattlagde. No trekk ho inn i diskusjonen at det å gi for generøst skattevilkår for petroleumsnæringa vil vere sløsing og at det også har ein tilleggskostnad i form av større klimagassutslepp.
– Å finne eit riktig nivå på friinntekta er viktig dersom me skal sikre oss eit såkalla nøytralt oljeskattregime. Nøytral skatt i oljenæringa betyr at ein skatt ikkje bør verken styrke eller svekke selskapa sine incentiv til å investere og byggje ut oljefelt. Dei investeringane det er optimalt for selskapa å ta utan særskatt, skal også vere optimale etter særskatt – verken meir eller mindre. Sidan målet med petroleumsskattesystemet er å hente ut ressursrente, betyr dette at ein ønskjer å hente denne ut på ein måte som i minst mogleg grad påverkar åtferda til oljeselskapa.
