Investeringane i rein energi opp 16 prosent i 2014
I 2014 auka dei globale investeringane i rein energi til 310 milliardar US dollar, viser ferske tal frå Bloomberg New Energy Finance (BNEF).

Dette er 16 prosent meir enn i 2013, då investeringane utgjorde 268 milliardar amerikanske dollar, og fem gongar investeringsnivået i 2004. BNEF skriv på sine nettsider at veksten er større enn forventa.
Det største investeringsnivået finn ein i Kina.


