1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 6. oktober 2023
Sist oppdatert 20.10.2023, 11:29
Artikkelen er mer enn to år gammel
Nyhet

Regje­ringa proble­ma­ti­serer eigen biodriv­stoff­po­li­tikk

Statsbudsjettet: Regjeringa vil auka innblanding av biodrivstoff fram til 2030. Ikkje uproblematisk, seier regjeringa sjølv. I tillegg foreslår dei fleire avgiftsendringar som går i litt ulik retning.

Cars drive away from Madrid on highway A-6

MÅ PASSE PÅ: I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringen å øke innblandingen av biodrivstoff jevnt og trutt frem mot 2030. Formålet er å ta ned trafikkutslippene, men tiltaket er ikke ukontroversielt, skriver regjeringen selv i budsjettdokumentene. Foto: Susana Vera/Reuters/NTB

Publisert 6. oktober 2023
Sist oppdatert 20.10.2023, 11:29
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Transportsektoren står for ein tredel av norske klimagassutslepp. Tiltaket som gir dei raskaste utsleppskutta i Noreg, er å auke omsetjingskravet for biodrivstoff. Derfor er det ingen overrasking at det er nettopp det regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2024.

Tema: Statsbudsjettet 2024

  • Les alle artikler om regjeringens forslag til statsbudsjett for 2024 og prosessen videre.
  • Lytt til podkast om statsbudsjettet.

Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk vert foreslått auka frå 17 til 19 prosent. Det betyr at 19 prosent av det omsette drivstoffet som går til vegtrafikk, skal vere biodrivstoff. Av den totale mengda biodrivstoff som blir omsett, må 12,5 prosent vere avansert biodrivstoff. Dette delkravet er uendra frå 2023.

Omsetjingskravet for biodrivstoff til ikkje-veggåande maskiner (gravemaskinar o.l.) og sjøfart/fiske blir i 2024 vidareført på høvesvis 10 og 6 prosent.

Det som derimot er nytt, er at regjeringa i budsjettframlegget sendar eit signal til marknaden om at omsetjingskrava til vegtrafikk, ikkje-veggåande maskiner og sjøfart/fiske skal vidare opp. Fram mot 2030 er ambisjonen at krava skal aukast til høvesvis 33, 28 og 18 prosent.

Innfører ny kontrollmekanisme for biodrivstoffpolitikken

Samtidig som regjeringa foreslår meir biodrivstoff for å nå klimamåla, kjem dei med tydelege åtvaringar:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange land ligg an til å auke bruken av biodrivstoff betrakteleg fram mot 2030 og 2050, og det er uklart om global produksjon vil vere i stand til å levere i tråd med aukande global etterspurnad. Særleg avansert biodrivstoff er ein knapp ressurs, og tilgangen framover vil vere avgrensa. Det er difor viktig å kunne vege behovet for meir biodrivstoff for å oppnå utsleppskutt opp mot pris, global tilgang og berekraftseigenskapane til biodrivstoffet.

Regjeringa i statsbudsjett for 2024

Regjeringa skriv vidare at det er ein risiko for at det biodrivstoffet som vert brukt aller mest i Noreg i dag, som er biodrivstoff basert på slakteavfall og brukt frityrolje, aukar avskoging grunna press på matjord.

Som respons på usikkerheita foreslår regjeringa å innføre ein kontrollmekanisme for biodrivstoffpolitikken. Mekanismen går ut på at regjeringa med jamne mellomrom skal vurdere effektane av gjeldande politikk før dei eventuelt aukar omsetjingskrava vidare. Noko av det som kan bli aktuelt, er å vri bruken av biodrivstoff mot transportsegment der elektrifisering ikkje er tilgjengeleg i dag.

Første evaluering av biodrivstoffpolitikken kjem i statsbudsjett for 2025.

Endringar i bilavgiftene

Noko av det som alltid får mest merksemd i eit statsbudsjett, er bilavgiftene. I budsjettet for 2024 foreslår regjeringa fleire grep som peikar i litt ulik retning:

Våre støttespillere

  • Auka CO₂-avgift på fossilt drivstoff: Regjeringa foreslår å auke CO₂-avgifta i ikkje-kvotepliktig sektor med 19 prosent. Dette svarar til ei lineær opptrapping til 2000 kroner/tonn i 2030 (2020-kroner). For bensin- og dieselprisane betyr dette isolert sett ei avgiftsauke på høvesvis 51 og 64 øre/liter. Men som i fjor vel regjeringa å kompensere for deler av CO₂-avgiftas effekt (sjå neste punkt).
  • Redusert vegbruksavgift på fossilt drivstoff: I fjor fekk regjeringa kritikk fordi dei brukte milliardar av kroner på redusert vegbruksavgift – slik at auka CO₂-avgift likevel ikkje skulle gi høgare pumpepris. I år brukar dei «kun» 780 millionar kroner på det same. Det betyr at den faktiske avgiftsauken for fossilt drivstoff blir 25 øre/liter for bensin og 32 øre/liter for diesel.
  • Avgiftsrabatt til bensin- og dieselbileigarar: Eigarar av bensin- og dieselbilar vil frå og med 2024 få redusert trafikkforsikringsavgift (tidlegare årsavgift) med rundt 400 kroner per år. Bakgrunnen er at dette skal kompensere for auka drivstoffavgifter. Dette tiltaket vil neste år koste 250 millionar kroner, men frå og med 2025 vil det koste 1,45 milliardar kroner. Rabatten gjeld derimot ikkje elbileigarar, som snarare må betale litt meir i trafikkforsikringsavgift i 2024.
  • Dyrare ladbare hybridbilar: I fjor blei vektfrådraget til ladbare hybridbilar i eingongsavgifta litt mindre gunstig. I budsjettet for 2024 foreslår regjeringa å fjerne frådraget heilt. Dette inneber at prisen på ladbare hybridbilar i gjennomsnitt vil auke med rundt 40 000 kroner, skriv regjeringa.
  • Dyrare med fossile varebilar: Ei anna endring er at regjeringa vil auke CO₂-komponenten i eingongsavgifta for lette varebilar med 5 prosent.
ANNONSE
Bluesky

Les også

Spørsmål og svar om statsbudsjettet: En gullgruve av informasjon om klimapolitikkens kriker og kroker

Hva koster Norges medlemskap i Acer? Hvor mye hadde Norgesprisen gitt hver husholdning om pengene ble delt ut på den måten? Svarene får du i ukens Klimax.

31. oktober 2025
Les mer
To menn i dress og rødt slips står innendørs i nærheten av en heis og en vegg med et våpenskjold.

Dette lovet regjeringen i «Grønn bok» i 2025 – her er regnskapet 

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen har fått på plass flere viktige klimasaker, men mye henger fortsatt når det gjelder det formelle samarbeidet med EU. Samtidig går det sakte med utbygging av kraft. 

13. oktober 2025
Les mer

Disse skal styre norsk klima- og energipolitikk de neste fire årene

Klimamål, oljelisenser, sirkulærøkonomi, havvind, hydrogen, elektrifisering og utenlandskabler. Her er politikerne som skal bestemme norsk klima- og energipolitikk de neste fire årene.

9. oktober 2025
Les mer
På en parkeringsplass ved siden av et nettinggjerde og nakne trær står en rekke parkerte, svarte og hvite elbiler på rekke og rad.

Statsbudsjettet: Elbil-moms og bruken av biodrivstoff to store klimasaker

Blir det moms på elbiler? Fortsetter regjeringen å kreve at dieseltankene skal fylles med store volum biodrivstoff?

8. oktober 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket