2
2

Støtt oss
2
Stillinger
2
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 1. september 2022
Sist oppdatert 9.9.2022, 10:15
Artikkelen er mer enn to år gammel
Ekspert­intervju

– Vi klarar ikkje null­ut­slepp ved berre å mekke litt

Nullutslepp vil krevje gjennomgripande endringar i måten vi organiserer samfunnet på, seier økonomiprofessor og rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn.

Opencast lignite mine in Nochten

Nochten-gruva i forgrunnen og Boxberg-kolkraftverket i bakgrunnen. – Energisystemet i dag kvilar på ein føresetnad om billeg tilgang til kol, olje og gass. Saman med veksten i verda legg dette eit press på natur og klima som neppe let seg bøte på ved berre å byte energikjelder innafor det same systemet, sier Klaus Mohn. Foto: Matthias Rietschel/Reuters/NTB

Publisert 1. september 2022
Sist oppdatert 9.9.2022, 10:15
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Politikarane har eit stort ansvar, men ønske om omfattande endringar må starte hos deg og meg, meiner Mohn.

Ekspertintervjuet

Foto: UiS / Elisabeth Tønnessen

Klaus Mohn er professor i økonomi og rektor ved Universitetet i Stavanger.

Han meiner samstundes at økonomar har vore for lite opptekne av fordelingsomsyn, men at vi kan betre fordelinga utan å svekke klimapolitikken. Men då bør ein i staden for til dømes straumstøtte heller styrke privatøkonomien til dei med låg inntekt med direkte overføringar, seier Mohn.

<2°C: – Vitskapen er klar: Vi må fjerne dei fleste klimagassutsleppa innan 2050. Kva inneber eigentleg det?

Klaus Mohn: – Utfordringa er så krevjande at det er vanskeleg å samanfatte. Det som trengs, er ein gjennomgripande endring i måten vi organiserer økonomi og samfunn på.

– Kva legg du i det?

–  For å ta eit eksempel: Måten vi i dag bur på, driv næringsaktivitet på, og reiser på, er basert på ein modell for tilgang på billeg, fossil energi – som er sjølve opphavet til klimaendringane. Resultatet er at dagens samfunn har eit overforbruk av energi. Skal vi bringe utsleppa til null, er det ikkje nok å erstatte dei fossile brenslene. Eg trur og at vi må bli langt meir energigjerrige, og gjere ting på andre måtar enn i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– For natur og klima er børa knappast til å bere

– Korleis då?

– Til dømes gjennom deling. At kvar og ein av oss aleine skal flytte seg rundt i privateigde doningar på to tonn er vanskeleg å sameine med berekraft. Det same gjeld bustadareal, der kvar nordmann no har nærmare 60 kvadratmeter til rådvelde. Me har kanskje pengar til å betale for alt dette, men for natur og klima er børa knappast til å bere, og spesielt ikkje om veksten skal halde fram.

Les <2°C-magasinet

Dette intervjuet ble gjort i forbindelse med vårt nye <2°C-magasin, som gir oversikt over klimaproblemet og løsningene på det. Alle kan laste ned og lese magasinet på nett, lærere kan også bestille gratis klassesett så langt opplaget rekker.

Les/last ned magasinet
Lærer? Bestill klassesett

– Undervurderer vi oppgåva vi står overfor?

Våre støttespillere

– Mange latar å tru at vi kan kome til desse utsleppsreduksjonane ved berre å mekke litt på systemet. Slik er det ikkje.

– Kvifor ikkje?

– Fordi energisystemet i dag kvilar på ein føresetnad om billeg tilgang til kol, olje og gass. Saman med veksten i verda legg dette eit press på natur og klima som neppe let seg bøte på ved berre å byte energikjelder innafor det same systemet. Det me treng er meir djuptgripande endringar i forsyning, forbruk og levesett, spesielt i dei rikare delane av verda.

– Allereie innan 2030 er Norges mål at utsleppa skal halverast samanlikna med nivået i 1990. Kven er ansvarleg for at vi klarar dette?

– Vi kjem ikkje utanom at mykje handlar om politikk. Men i eit liberalt demokrati som det norske må politikken vere forankra hos veljarane. I dag er det for mange av oss som syns det er vanskeleg å omstille seg, og da får vi heller ikkje politikarar som driv fram dei endringane som trengs. Store endringar i politikken må starte med nokre personlege erkjenningar hos deg og meg.

– Men politikarar skal jo også vise leiarskap?

– Her er det ein vekselverknad som trengs. Kloke politikarar må i større grad forsøke å overtale veljarane, men dei kan heller ikkje berre ture frem. Då blir dei bytta ut. 

– Vi må trykke på alle knappane

– Men kva politikk burde vi hatt?

– Det finst ikkje eitt enkelt grep – den knappe tida gjer at vi må trykke på alle knappane. Men i stort handlar det om at politikken må definere rammevilkåra som bedriftene og hushalda må tilpasse seg innanfor. Særleg viktig er det at ein priser alle utslepp høgt nok. Det er noko av det mest effektive politiske tiltaka. I tillegg til å støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi som kjem heile samfunnet til gode.

–  Ein refleksjon eg har gjort meg er at mange i Noreg blandar klimapolitikk og omstillingspolitikk. Kanskje hadde vi sett større resultat av klimapolitikken om ein ikkje blanda inn mange andre formål enn det å redusere utslepp. Å støtte etablering av ein batterifabrikk kan vere vel og bra. Men det gjer det ikkje utan vidare enklare å klimamåla. Derfor kan det heller ikkje kallast klimapolitikk.

– Kva slags aktivitetar meiner du vi framleis kan tillate utslepp frå i 2050?

– Det er vanskeleg å sjå for seg at vi klarar å nulle ut utsleppa frå landbrukssektoren. Det kan også vere at  delar av industrien vil ha nokre utslepp i 2050, men ønskeleg er det ikkje. For å klare netto null innan 2050 må alle eventuelle restutslepp kompenserast. Anten ved å ta i bruk naturlege tiltak eller ved bruk av teknologiar som karbonfangst og lagring.

Få alle ekspertintervjuene i innboksen

I Ekspertintervjuet prater vi med forskere og andre fageksperter om temaer som er relevant for klimakrisen og det grønne skiftet.

Abonner på Ekspertintervjuet:

Våre nyhetsbrev

Du kan ombestemme deg når som helst ved å trykke på avmeldingslenken i bunnen av hver e-post vi sender deg, eller ved å kontakte oss på post@klimastiftelsen.no. Vi behandler alle personopplysninger konfidensielt. Her er personvernserklæringen vår. Ved å markere boksen under godtar du at vi behandler informasjonen om deg i henhold til denne erklæringen.

Vi bruker Mailchimp for å sende ut våre nyhetsbrev. Ved å abonnere på nyhetsbrevet godkjenner du at informasjonen du skriver inn blir sendt til Mailchimp for prosessering. Les mer om Mailchimps personvernerklæring her.

– For å auke sannsynet for at vi når klimamålet, er det er eit sjølvstendig poeng å holde behovet for kompenserande tiltak så lagt som mogleg. Jo større bruttoutslepp, desto meir må kompenserast.

– Økonomar har vore for lite opptekne av fordeling

– Du har nemnt prising av utslepp som eit hovudgrep i klimapolitikken, men kan ikkje det å gjere utslepp og forureining dyrare bidra til at sosiale skilnader i samfunnet vert forsterka?

– Jo, det kan det. Vi økonomar har nok vore for opptekne av effektive virkemidlar, men for lite opptekne av fordelingsomsyn. Det hjelper ikkje med ein klimapolitikk som er effektiv viss han ikkje let seg gjennomføre.

– Den gode nyheita er at det er fint mogleg å sørge for betre fordeling utan å svekke klimapolitikken. Framfor å kompensere låginntektsgrupper for høge energiprisar, eller gi unntak frå klimaavgifter, bør ein i staden styrke privatøkonomien i låginntektsgrupper direkte gjennom overføringar.    

– Det er difor eg meiner dagens straumstøtte, som går ut på at staten dekker mesteparten av straumprisen over eit visst nivå, er feilslått. Ordninga er ikkje god energi– og klimapolitikk fordi ho ikkje bidreg til energisparing når prisane stig, og ho bidreg heller ikkje til god fordelingspolitikk fordi ho  gir meir til dei med høgast straumforbruk. Ei mye betre løysing ville vore å gi pengar direkte til dei som treng det, og samstundes la dei høge prisane bidra til sparing og effektivisering i energibruken.

– Kva med økonomisk vekst på vegen mot lågutsleppssamfunne – er «vekstparadigmet» over?

– Økonomisk vekst har blitt brukt som ein indikator på om vi har det bra eller ikkje, men det er kanskje ikkje ein veldig god indikator. Det er langt frå opplagt at vi kan halde fram med den materielle utviklinga vi har hatt til no dersom vi ønsker å ivareta klima– og naturomsyn.

– Det er ikkje nødvendigvis krise for samfunnet om den materielle økonomiske veksten stagnerer noko. Det viktige er å sørge for at dei som ikkje har det bra får det betre, og at resten ikkje får det så altfor mykje verre.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To arbeidere iført sikkerhetsvest og hjelm inspiserer og vedlikeholder et stort utendørs solcellepanelanlegg på en solrik dag.

Verdens utslipp øker tross rekordvekst i sol

Dette er bare ett av paradoksene i den årlige omfattende gjennomgangen forskere gjør av klodens karbonbudsjett. Glen Peters fra Cicero forklarer.

13. november 2025
Les mer
Donald Trump iført marineblå dress og rødt slips taler fra FNs talerstol med mikrofoner og en glassvegg foran seg.

– USA oppfatter energiomstillingen som en trussel

USA under Trump motarbeider systematisk den globale energiomstillingen. EU og Kina kunne svart med felles klimasatsing, men EU har kjørt seg fast i egne problemer, sier ekspert på klimapolitikk Ole Adolphsen.

24. september 2025
Les mer
En person i refleksvest står i nærheten av et parkert F-35 jagerfly som tankes opp på en våt flyplass under en overskyet himmel.

Grønn omstilling kan gi Forsvaret fordeler i en krise

– Klimaendringene rammer også våre motstandere. Hvis vi kan operere bedre i det nye klimaet, får vi en styrkeforsterker, sier FFI-forskerne Marius Nyquist Pedersen og Bjørn Olav Knutsen.

22. september 2025
Les mer

Skogopptaket kan ikke redde oss

Å regne netto skogopptak inn i klimaregnskapet er en risikosport, forklarer klimaforsker Glen Peters.

8. september 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Klimaetaten i Oslo kommune ser etter sin neste klimarådgiver transport

Dette er stillingen for deg som er klar for en viktig rolle
Oslo kommune
Frist: 6.1.2026
Flyfoto av et bykryss med en blå trikk, omkringliggende høsttrær og bygninger under en klar himmel.

Vil du jobbe med klima og jordbruk?

Miljødirektoratet søker etter rådgivere med analytiske evner
Oslo
Frist: 4.12.2026