
Korleis veit me kor mykje klimagassar som blir slept ut? Korleis veit vi at klimatiltak fører til utsleppskutt? Dette er utgangspunktet for forskingsinfrastrukturen ICOS – International Carbon Observatory System.
Målet er å gjere forskarar og forvaltning betre i stand til å samarbeide om nytting av kunnskapen som produserast i målenettverket til ICOS, for å verifisere norske så vel som internasjonale klimagassutslepp av blant anna metan og karbondioksid.
– Havet blir surare stort sett over alt i ICOS-området, men det er ofte store lokale og regionale forskjellar, seier Ingunn Skjelvan, forsker II ved Uni Research Klima og Bjerknessenteret.
Ho er med i fleire prosjekt som nyttar data frå ICOS-målestasjonar for å måle karbonsyklusen, blant anna i norske fjordar og Nord-Atlanteren.

Små endringar og det større biletet
– ICOS-data blir brukt til å studere korleis den marine karbonsyklusen varierar i tid og rom, mellom sesongar, frå område til område, og frå år til år. Sesongvariasjonane er naturlege og ofte store, medan dei menneskeskapte endringane – som meir CO₂ i atmosfæren og i havet og høgare temperatur – er små og kan lett gøymast av store naturlege variasjonar.
Skjelvan seier at gode målingar frå fleire ulike områder over lengre tid er viktige for å halde oversikten over kvar karbondioksidet havnar, og korleis høgare opptak av CO₂ forsurar havet. ICOS-infrastrukturen legg til rette for å både sjå dei små endringane, og det større biletet, og den visar at det noverande forsuringa er raskare enn noko anna periode i jordas historie.
– Kystnære strøk, der variasjonen i karbonsystemet er stor, har ofte for få målingar til å talfeste trendar i havforsuringa, men dette vil betre seg når fleire data er samla inn gjennom ICOS og andre program.


