2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 26. november 2012
Sist oppdatert 15.09.2025, 10:04
Artikkelen er mer enn to år gammel

Del klima­kunn­skap med Tograder

Deling av kunnskap om global oppvarming må vere ein viktig del av klimakampen.
Publisert 26. november 2012
Sist oppdatert 15.09.2025, 10:04
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

For ei veke sidan lanserte Norsk Klimastiftelse, i samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking,  publikasjonen 2°C.

Problemet med mykje av det som alt finst av rapportar og meldingar om klimaendringane, er at dei anten manglar truverd eller har ein form og eit innhald som er lite tilgjengeleg. Det er her vi ønsker at 2°C skal skille seg ut: På ein lettfatteleg måte skal 2°C presentere dei ferskaste observasjonane frå klimavitskapen, forklare konsekvensar ved global oppvarming og gje innsikt i dei samanhengar og prosessar som påverkar klimaet.

Med høg fagleg integritet og årlege oppdateringar håpar vi at 2°C kan bli klimapolitikkens felles referansedokument i Noreg.

På tograder.no finst samtlege artiklar fra årets magasin. Nettsida inneheld og grafiske element som kan lastast ned til fri bruk. Ønsker du å kjøpe 2°C i papirversjon, og få status som kunnskapsspreder, kan du fylle ut dette skjemaet.

2012 eit rekordår

I denne aller første utgåve av 2°C kan ein lese at 2012 ligg an til å bli blant dei varmaste åra som nokon gong er observert. Målingar viser at årets sommarhavis i Arktis dekte eit rekordlite område. Smelterekord vart og registrert for sommarsnøen på den nordlege halvkule. Fordi is og snø fungerer som ei speilflate for solstrålar, fører smelting til mindre refleksjon og dermed varmare jordoverflate. Dette er den globale oppvarmingas sjølvforsterkande effekt.

2012 er og året då CO₂-nivået i atmosfæren passerte ei historisk grense: for første gang registrerte målestasjonar i Arktis eit CO2-nivå som ligg over 400 ppm. Vi må minst 3 millionar år tilbake for å finne tilsvarende konsentrasjon av CO2 i atmosfæren. Medan politikkens mål er å hindre global oppvarming på meir enn 2 gradar i høve til førindustriell tid, ligg vi med dagens utsleppsregime an til å nå 3,6 graders oppvarming. Det betyr likevel ikkje at togradermålet ikkje kan nås, men det betyr at vi må endre kurs. Og jo lengre vi ventar, jo dyrare vert kursendringa.

ANNONSE
Bluesky

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer