For å oppnå ei fossifri hamn i Bergen i 2025, trengs ein overordna og tverrpolitisk forankra plan for korleis ein skal opprette nok tilkoblingspunkt og korleis ein skal motivere rederi til å gjere nødvendig omlegging på skipa. Truleg vil det være behov for både pisk og gulrot, der ein innfører miljødifferensierte avgifter, samtidig som ein bidrar til å lette investeringane i infrastruktur om bord. Ein positiv bi-effekt for norske verft, er at eit mål om fossilfrie hamner også kan være med å sette fart på den omfattande grøne forretningsutviklinga ein no ser i emning i norsk skipsfart. Dette omfattar alt frå omlegging av Beffen, til fiskebåtar, ferjeparken og større skip. Mange av desse fartøya vil være langt billigare i drift og truleg auke konkurransekrafta til norske verksemder på sikt.
Fossilfri trafikk
Før sommaren lanserte byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen, Henning Warloe, planen om gradvis å stenge Bergen sentrum for fossile bilar. Dette er tydeleg politisk leiing som gjer at ideen om fossilfri trafikk inn til Bergen i 2025 kanskje ikkje er så urealistisk å samlast om. I dei siste åra har ein kunne rapportere om imponerande salstal for elbilar i Hordaland. Storstilt utbygging av ladeinfrastruktur har vore med og gjort dette mogleg. Opninga av verdens største hurtigladestasjon midt i hjertet av giftlokket på Danmarksplass er eit sterkt symbol på den store endringa som er i emning.
Etter kvart vil andre nullutsleppsløysningar som hydrogen også kunne nyttast i større kjøretøy og tungtransport. I 2016 vil biogassanlegget i Rådalen stå ferdig og drifte byen sine nye bussar. I Oslo og Akershus har Ruter uttalte ambisjonar om å legge om til fossilfri kollektivtrafikk innan 2020.
Skal vi oppnå fossilfri trafikk i Bergen i 2025, treng vi ein ambisiøs kombinasjon av nullutsleppstransport, rushtidsavgift og løysningar som reduserer behov for trafikk: betre arealplanlegging, bybaneutbygging, bruk av BIR sitt nye bossuganlegg, fremming av samkøyringsløysningar, tilrettelegging for bildeleringar i arbeidstida som hos Atea, og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande.
Fossilfrie investeringar
Nyheita om at Oljefondet skal trekke investeringar ut av kol (>40 prosent) gjekk sin sigersgong verda rundt i vår. Mange offentlege norske midlar er likevel framleis investerert i fossilsektoren. Oslo kommune var tidleg ute og sa nei til investering i kullkraft.
Best i klassen er nok likevel Eid kommune, som har gått fremst og både vil trekke offentlege investeringar ut av fossil sektor, samstundes som ein ønskjer å innføre aktiv grøn finansforvaltning.
I sin publikasjon «Grøn visjon for Vestlandet» har BKK, Norsk Klimastiftelse og SKL sett for seg eit framtidig senter for forsking på berekraftig og ansvarlig investeringspraksis knytta til NHH og Universitetet i Bergen. Ein god plass å byrje kunne truleg være gjennom å innføre grøn finansforvaltning av dei offentlege midlar ein rår over lokalt.
Fossilfri oppvarming
Oljefri har vore ein kampanje med stor suksess. Ein byrjar å komme i mål med å skifte ut all oljefyr landet rundt. I 2020 vil forbodet mot oljefyr tre i kraft. For å oppnå fossilfri fyring i Bergen, er det viktig at denne kampanjen vært heia heilt i mål og at ein også ser på dei siste punkt for fossilbasert fyring som nyttast for spisslast.
Når ein kalkulerer utsleppsfaktor for elektrisitet gjennom marknadsbasert metode, har Noreg ei utfordring med at ein sel ein stor del av den utsleppsfrie straumen over landegrensene og sit att med ein skitten residualmiks. Her vil det være viktig å ta stilling til om kjøp av opprinnelsesgaranti er metoden for å sikre at elektrisitetsmiksen ein nyttar faktisk er fossilfri.
Vilje til leiing
Det Fossilfrie Bergen 2025 verkar å være innan rimeleg rekkevidde, og på mange områder er ein allereie godt i gong. For å lykkast med visjonar om norske fossilfrie byar i 2025, er det likevel essensielt med tverrpolitisk leiing og at ein samarbeider godt med både det offentlege og privat næringsliv.
I Noregs største nettverk for systematisk klimaarbeid, Klimapartnere Hordaland, vil vi diskutere både målsetningar og tiltak saman med våre partnarverksemder i forkant av klimaforhandlingane i Paris. Det er særs viktig at næringslivet og politikarane spelar på lag om utsleppsreduksjon. Om ein vil oppnå ein fossilfri by i 2025, krevs det tett dialog framover i dei neste 10 åra.
Kven tek denne grøne ballen vidare i lokalvalet?