Fossilfritt samspel mellom by og næring

Dei store byane kan bli spydspissar i den grøne omstillinga, skriv artikkelforfattaren. (foto: Jonas Bostrøm)
Den globale klimaavtalen er ratifisert og omstillingskappløpet i gong. Det amerikanske valet sår dessverre likevel tvil om stabilt politisk påtrykk. Trass grøne marknadskrefter og teknologiutvikling, vil det meir enn nokon gong trengs land, regionar og verksemder som går føre. Noreg treng tydeleg leiarskap og ein grøn handlingsplan som alle aktørar kan knytte seg på for raske utsleppskutt. Dei store byane kan ta leiarskap.
Oslo kommune har ambisjonar om å kutte eigne klimagassutslepp med 50 prosent innan 2020 og 95 prosent innan 2030. Byen sitt klimabudsjett vil være eit viktig reiskap på vegen. Bergen har mål om å bli Noregs grønaste by , fossilfri innan 2030 og 30 prosent klimagassreduksjon innan 2020. Fleire andre norske byar er i gang med å etablere klimaplanar i tråd med Paris-avtalen sine mål.
I Hordaland kjem rundt 70 prosent av klimagassutsleppa frå næringslivet. I 2014 tok difor fylkeskommunen initiativ til nettverket Klimapartnere Hordaland, etter mal frå Klimapartnere Agder. Nettverka består i dag av totalt 70 partnerverksemder, med over 60 000 tilsette og 30 000 studentar. Partnerverksemdene forpliktar seg til systematisk klimaarbeid og nettverka kan vise til gode resultat, mellom anna meir enn 9 prosent klimagassreduksjon frå 2014–2015 og gode eksempel på grøn næringsutvikling. Over nyttår etablerast søsternettverk i både Troms og Rogaland. Fleire andre regionar vurderer modellen. Mål om fossilfrie byar kan være nyttig i denne samanheng. I Hordaland oppmodast partnerverksemdene om å følgje Bergen kommune og bli fossilfrie innan 2030, med fossilfri transport, fossilfri energi og klimasmarte innkjøp.
Fossilfri transport
For å oppnå fossilfri transport i 2030, må singelbilisme reduserast og overgangen til nullutsleppstransport skje hjå alle verksemder. Klimasmart lokalisering, fremming av samkøyring som hos Avinor, tilrettelegging for bildeling som hos Atea, fossilfri bilpark i 2020 som hos Taxi1 og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande som hos Helse Bergen er gode eksempel på tiltak. Diesel-SUV på direktørplass er ikkje det vi treng, og mange verksemder faser no ut sine fossile parkeringsplassar. I Hordaland er 30 prosent av nye bilar elbilar og på Askøy blir 14 prosent av bompasseringane gjort med elbil. Hydrogenbilar er også like om hjørnet. Siste fossile bil i Noreg vil truleg seljast lenge før eit forbod i 2025. Raskt aukande rekkevidde gjer at mange heller ventar/kjøper bruktbil, framfor å risikere å kjøpe ny fossilbil.

