Handle lokalt og selje globalt!

Er tida moden for å sette ambisiøse mål for systematisk eksport av norske grøne produkt og tenester, spør artikkelforfattaren. Her designskisse av «Yara Birkeland», det planlagde heilelektriske og autonome containerskipet, som etter planen skal leverast i 2020. (Illustrasjon: Kongsberg Maritime).
I
Noreg er vi bekymra for både arbeidsplassar og inntekter som fell
bort når fossilsektoren skal fasast ut i løpet av dei neste par
tiåra. Skal global oppvarming avgrensast til 1,5 grader, kjem vi ikkje utanom! Verda
skal gjennom tidenes omstilling, på same tid skal befolkninga auke
til nærare 11 milliardar, før veksten flatar ut.
Norske byar og bedrifter i førarsetet
Dei
største byane i Noreg; Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø,
har alle mål om mellom 80 og 95 prosent
klimagassreduksjon innan 2030. I same periode utfordrar
Klimapartnere-nettverka
sine 120 større partnerverksemder om å bli fossilfri.
Rask omstilling på heimebane kan fort bli eit av Noreg sine fremste fortrinn også i ein global konkurranse. Kunne aktørar som Innovasjon Noreg, UD og norsk næringsliv spelt tettare på lag i ein internasjonal marknad for grøne løysingar? The Explorer, nettløysinga for presentasjon av norske løysingar ute i verda, er ein god start, men tenker ein stort nok?
Er tida moden for å etablere fleire større spydspissprosjekt med internasjonalt potensial som ein legg tung politisk vekt bak?
Er
tida moden for å sette ambisiøse mål for systematisk eksport av
norske grøne produkt og tenester?
Grønt ferjebelte
Det
kinesiske
busselskapet BYD, som mellom anna Warren Buffett
har investert tungt i, skipa nyleg 100 nye, elektriske bussar til
Santiago de Chile. Bussane er kjærkomne i ein by med stort behov for
reduksjon av både lokal forureining og klimagassutslepp. Dette er
ein del av Kina sitt «Grand Belt and Road Initiative»,
for spreiing av kinesiske, elektriske bussløysingar til
Latin-Amerika,
med land som Chile, Colombia, Ecuador, Brasil og Uruguay i kikkerten.
Samstundes skjer ein ferjerevolusjon i Noreg. Innan tre år vil operere i fjordane våre. Burde ein som Kina etablere eit tilsvarande «Grand Belt Ferry Initiative», for spreiing av norske elektriske ferjeløysingar i stor skala ut i verda? I USA åleine finn ein til dømes over operative ferjer.
